Nei, vent! Stopp! Litt tilbake!

Foto: Sigrid Lium

I haust er prosjektleiar i Sogn og Fjordane Turlag, Espen Bruun, i gong med eit større skuleprosjekt i fylket. Konseptet heiter Djeeo (sjå faktaboks for meir info) og er nå i fyrste omgang eit tilbod til 9. klassingar rundt om i fylket. I løpet av hausten er det ca 20 skular som får besøk, men frå våren 2016 blir dette eit tilbod som fleire kan nytte seg av.

Oversiktskart over dei ulike laga
Oversiktskart over dei ulike laga Foto: Sigrid Lium

Hausten sin store happening for DNT Ung Sogn og Fjordane, Djeeo, er endelig i gong og alt nå er det 5 skular som har vore igjennom dette opplegget. I tillegg er det 13 skular att, som skal besøkjast i løpet av oktober og november. Turlaget stiller her med eit heilt ferdig opplegg som inkluderer utstyr, oppgavesett og baneoppsett slik at det berre er å trykkje start, når ein er på skulen.

Djeeo er eit spel som verkeleg engasjerer elevane, sjølv dei som kanskje ikkje er så ivrige til vanleg. Her kombinerast friluftsliv, samarbeid og konkurranse. Resultatet er at elevane gjer sitt aller beste for å vinna og å rekkje postane og svare rett på spørsmåla, som kjem undervegs. Og etterkvart som omgangene går og tida begynnar å tikke nedover, så stig støynivået betrakteleg og kommandoar som: "STOPP!", Litt tilbake" og "Nei, vent der" brølast inn i telefonane. 

Dette er eit prosjekt som ikkje hadde vore mogeleg å gjennomføre uten støtte. Turlaget har vore så heldige å få med Sparebanken Vest som sponsor i tillegg til at vi får midlar frå Gjensidigestiftelsen.

Djeeo er eit GPS-basert spel som knyt saman Geocashing, orientering og natursti. Før ein startar spelet må ein opprette ein base (også kalt kommandosentral) og lage ein del ruter ut ifrå denne basen. Desse rutene knytast saman med GPSar og eit oppgåvesett. Reint praktisk blir gruppa delt opp i lag, der kvart lag består av 4-6 deltakerar. Halve gruppa skal ut og finne postar, medan andre halvdel av gruppa sit inne og gir beskjed om kvar utegruppa skal gå for å finne posten. Når utegruppa finn posten må ein svare på eit spørsmål før ein går videre mot neste post. Djeeo er eit spel som baserer seg veldig på samarbeid og kommunikasjon, då ein ikkje kan finne postane eller løyse spørsmåla utan at gruppa inne og gruppa ute snakkar saman og gir kvarandre tydelege beskjedar.Dette er eit spel som passar for større og mindre grupper i alle aldrar. Ta kontakt med Espen Bruun om dette er av interesse.
Foto: Espen Bruun

Skrevet av Espen Bruun 16. oktober 2015