Kom deg ut-dag med fart og moro

Ein vellykka Kom deg ut-dag for BT-Aurland med isfiske, iglo bygging, natursti, aking og bål fyring i Steinbergdalen
Ein vellykka Kom deg ut-dag for BT-Aurland med isfiske, iglo bygging, natursti, aking og bål fyring i Steinbergdalen Foto: BT Aurland

12 lokale Barnas Turlag arrangerte ein strålande og kald Kom degut-dag søndag 7. februar. Små og store kosa seg med svært varierande aktivitetar og varme pølser gjorde susen på denne ekstra kalde, men strålande søndagen dette året. Under ser du eit glimt frå dei ulike laga sine aktivitetar.

Etter ein kald start  på dagen,  tinte foreldre og barn seg opp med skileik og aking. Det ble flitting mat oppvarming både inne i bålhytta  og på bållpanna. Sola dukka opp etterkvart til stor glede for store og små. Denne dagen hadde vi med oss Eid Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp RØFF :)  . Takk til de 50 frammøtte som gjorde denne dagen heilt topp
Etter ein kald start på dagen, tinte foreldre og barn seg opp med skileik og aking. Det ble flitting mat oppvarming både inne i bålhytta og på bållpanna. Sola dukka opp etterkvart til stor glede for store og små. Denne dagen hadde vi med oss Eid Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp RØFF :) . Takk til de 50 frammøtte som gjorde denne dagen heilt topp Foto: BT Eid
BT Fjaler: Med strålande vintervêr låg alt til rette for ein flott Kom deg ut-dag. Det var stor aktivitet på Steiabøen i Dale, samt i Norddalen og på skøyteisen på Bjerga i Dale. Ut frå føresetnadane er vi godt nøgde med årets første Kom deg ut-dag. Mange tok turen i vintersola og ut frå bileta å døme har både små og store kosa seg .

Barnas Turlag Gulen arrangerte natursti i Brekke, på Gulatinget, til Kommandotårnet og på Mjømna i helga. 47 barn og 20 vaksne deltok. Alle barn får ein overraskelse i premie.
Barnas Turlag Gulen arrangerte natursti i Brekke, på Gulatinget, til Kommandotårnet og på Mjømna i helga. 47 barn og 20 vaksne deltok. Alle barn får ein overraskelse i premie. Foto: BT Gulen
BT Hyllestad: Trugetur og Turtipp i Kvernsteinsparken.
BT Hyllestad: Trugetur og Turtipp i Kvernsteinsparken. Foto: BT Hyllestad
For en FANTASTISK dag     Ein dag med vinterglade barn og foreldre. Fire skiløp vart det. Barn under skulealder, 1. og 2. trinn, 3. og 4. trinn og fra 5. trinn og oppover. Det vart premie til alle.Bålpanna brant heile dagen og folk kunne grille medbragt mat eller varme frosne fingra og tær. Som avslutting på dagen vart det akekonkurranse der Lucas Sande stakk av med første premien. Med 48 barn med foreldre og besteforeldre bikka vi nesten 100 oppmøtte!

I eit nydelig vêr arrangerte Barnas Turlag Keipen Kom Deg Ut-dag ved Karlskaret. Det var kaldt, men med sol og aktivitet holdt vi varmen. Turbo er kjempegodt nøgd med at 33 born og 26 vaksne deltok og gjorde det til ein flott dag! Vi hadde quiz på vegen opp, og det var nydelige forhold for ski og aking.

Det var 31 deltakarar på "Kom deg ut" arrangementet til Barnas Turlag i Lavik. Vi arrangerte Vinterleik på Sørestrand Gård på Øvre Lavikdal, i strålande solskin. Ein akebakke på omlag 600 meter, gav både redselshyl og gledeshyl blant små og store. Vi hadde og trakka opp ei rundløype som dei minste borna kunne gå på ski i, elles var det fritt fram for å ake og gå i laussnø der ein ville. Alle borna fekk deltakarpremie, ein turboreven turkopp, turpass, mandarin og kakao, eller buff og turboreven refleks for litt eldre born.
Det var 31 deltakarar på "Kom deg ut" arrangementet til Barnas Turlag i Lavik. Vi arrangerte Vinterleik på Sørestrand Gård på Øvre Lavikdal, i strålande solskin. Ein akebakke på omlag 600 meter, gav både redselshyl og gledeshyl blant små og store. Vi hadde og trakka opp ei rundløype som dei minste borna kunne gå på ski i, elles var det fritt fram for å ake og gå i laussnø der ein ville. Alle borna fekk deltakarpremie, ein turboreven turkopp, turpass, mandarin og kakao, eller buff og turboreven refleks for litt eldre born. Foto: BT Lavik
På Kom deg ut-dag og BT Leikanger sitt arrangement, møtte 17 barn og 15 vaksne deltakarar opp på Kleppa. Turen gjekk oppover bakkene til Damefall, der det venta ein flott leirplass med benkar og bål. Det blei aking og trekning av premiar. Vêret var strålande!
På Kom deg ut-dag og BT Leikanger sitt arrangement, møtte 17 barn og 15 vaksne deltakarar opp på Kleppa. Turen gjekk oppover bakkene til Damefall, der det venta ein flott leirplass med benkar og bål. Det blei aking og trekning av premiar. Vêret var strålande! Foto: BT Leikanger
Skileik i Instedalen og servering pølser.
Skileik i Instedalen og servering pølser. Foto: BT Naustdal
Barnas Turlag Selje hadde ski og akedag i Låna. 17 barn og 11 voksne kom. Sola skein og ungane hylte nedover den flotte bakken. Ein herleg dag👍
Barnas Turlag Selje hadde ski og akedag i Låna. 17 barn og 11 voksne kom. Sola skein og ungane hylte nedover den flotte bakken. Ein herleg dag👍
BT Sogndal hadde Kom deg ut-dag i Rindabotn med tur-quiz, hopp og trampeløype.
BT Sogndal hadde Kom deg ut-dag i Rindabotn med tur-quiz, hopp og trampeløype. Foto: BT Sogndal
Foto: BT Sogndal
Foto: BT Lavik
Foto: BT Eid
Foto: BT Gulen
Foto: BT Stadlandet

Skrevet av Astrid Kalstveit 9. februar 2021