Årsmøte Sogn og Fjordane Turlag

Foto: Astrid Kalstveit

Styreleiar, Siv Merete Stadheim, fekk fornya tillit på Sogn og Fjordane Turlag (SFT) sitt årsmøte 6. mars. Med seg i styret fekk ho Silje Marita Vallestad, Irene Lunde, Karen Weichert (attval) og Oddvar Flæte (ny). Varamedlem er Trond Øyen Einemo, Tina Løkke Vie og Tom Dybwad. Nyvald leiar i Kurs- og Fjellsportutval er Jarle Mundal og Ron Overdevest held fram som leiar i Naturvernutvalet. Sigrid Melheim er ny leiar i DNT Ung SFT. I tillegg oppretta årsmøtet eit nytt utval, Rute- og hytteutval, og Tor Arne Hauge skal leie dette viktige arbeidet. Vigdis Flaten Kvamme, Odd Henrik Berge, Lars Røyrhus og Steffen Sandene bei takka av som tillitsvalde.

Årsmelding SFT synte, at "annleisåret 2020" hadde prega alle dei 14 lokallaga og SFT sin aktivitet og statistikken gav nedgang i turdeltaking og ein svak nedgang tal medlemer. Til tross for restriksjonar blei det gjennomført 400 turar og nær 10 000 deltakarar. Dei mange SjekkUt postane rundt i kommunane hadde rikeleg besøk og synte at turinteressa var stor i 2020. Turlagshyttene på Kinn, Kråkenes, Fuglesteg og Tungestølen hadde mest besøk. Også turplanleggingsappen vår UT.no hadde sist sommar ei auke i trafikk på meir en 80 %. Les heile årsmeldinga ti Sogn og Fjordane Turlag her.

Skrevet av Astrid Kalstveit 16. mars 2021