Stort engasjement i SFT

Over 40 tillitsvalde i lokale turlag og fylkesforeininga var tilstades i Selje i regi Sogn og Fjordane Turlag.
Over 40 tillitsvalde i lokale turlag og fylkesforeininga var tilstades i Selje i regi Sogn og Fjordane Turlag. Foto: Kari Songedal
24.-25. oktober arrangerte Sogn og Fjordane fellssamling for tillitsvalde i turlaga våre. Tillitsvalde i Barnas Turlag (BT) var spesielt inviterte i år. Etter ordførar i Selje, Stein Robert Osdal, hadde ønskt velkomen og etterfylgt av styreleiar SFT, Marino J. Ask, og styreleiar i YNT, Tor Magne Gangsøy, sette BT- gjengen nasen ut og tok del i Aktivitetskurset arr. av Kristin Oftedal frå DNT.

 Innandørs heldt lokallagsrunden fram og informative og gode innlegg frå alle dei 14 lokallaga.

Nye nettsider i Sherpa blei presentert av Ingeborg Flaten og Espen Bruun og DNT ynskjer desse skal vere på plass i alle laga før årskiftet. Handlingsplan SFT 2016 blei presentert av dagleg leiar, Astrid Kalstveit. 2016 er familien sitt år og fam. medlemskap blir innført i heile DNT. Eit rikhaldig kurs og ungdomstilbod er spikra og berre å gle seg til nytt turlagsår.

Kristin Oftedal, fagsjef barn og unge DNT,  hadde eit engasjerande og informativt innlegg om Barnas Turlag
Kristin Oftedal, fagsjef barn og unge DNT, hadde eit engasjerande og informativt innlegg om Barnas Turlag Foto: Astrid Kalstveit
Linda M. Hantveit er aktiv foreldre for unggruppa i Ytre Sogn Turlag og hadde innlegg om friluftsskulen dei arr. sist sommar. Det vart ein suksess og dei hausta mykje lærdom i gjennomføringa.
Linda M. Hantveit er aktiv foreldre for unggruppa i Ytre Sogn Turlag og hadde innlegg om friluftsskulen dei arr. sist sommar. Det vart ein suksess og dei hausta mykje lærdom i gjennomføringa.
Deltakarar på Aktivitetskurset laurdag som Kristin Oftedal hadde ansvar for.
Deltakarar på Aktivitetskurset laurdag som Kristin Oftedal hadde ansvar for. Foto: Kari Songedal
Kristin Oftedal skapte liv og røre ute i Selje sentrum.
Kristin Oftedal skapte liv og røre ute i Selje sentrum. Foto: Kari Songedal
Monica Refvik frå Gjensidige informerte om DNT- medlemer sine rabattordningar.
Monica Refvik frå Gjensidige informerte om DNT- medlemer sine rabattordningar. Foto: Astrid Kalstveit
Marino var direkte inne frå Selje på stor konferanse om integrering i Førde. Med Møteplass-konferansen ønskjer fylkeskommunen å starte ei satsing på kultur og fritid i Sogn og Fjordane. Sjølve konferansen er eit samarbeid med Frivillighet Norge.
Marino var direkte inne frå Selje på stor konferanse om integrering i Førde. Med Møteplass-konferansen ønskjer fylkeskommunen å starte ei satsing på kultur og fritid i Sogn og Fjordane. Sjølve konferansen er eit samarbeid med Frivillighet Norge. Foto: Arnfrid Bergheim
Turen gjekk til Selja kloster etter lunsj søndag med klosterbåten Sunniva.
Turen gjekk til Selja kloster etter lunsj søndag med klosterbåten Sunniva. Foto: Astrid Kalstveit
Vêret var med oss og fin oppleving ytterst ved havet.
Vêret var med oss og fin oppleving ytterst ved havet. Foto: Astrid Kalstveit

Skrevet av Astrid Kalstveit 3. november 2015