Nytt Barnas Turlag i Lavik

Medlemer i nytt Barnas Turlag i Lavik. F.v. Marte Naustdal, Cecilie Sande, Steffi Storch, Knut Strømmen, Margunn Hagen Hjelmeland og Anita Taftø. Bak Knut Strømmen
Medlemer i nytt Barnas Turlag i Lavik. F.v. Marte Naustdal, Cecilie Sande, Steffi Storch, Knut Strømmen, Margunn Hagen Hjelmeland og Anita Taftø. Bak Knut Strømmen Foto: Astrid Kalstveit

Barnas Turlag (BT) i Lavik i Sogn hadde oppstart tysdag 23. februar på Lavik Fjordhotell. Marte Naustdal, Steffi Storch, Margunn Hagen Hjelmeland og Anita Taftø blir medlemer i det nye laget, og Cecilie Sande vil leie laget. Desse fem engasjerte mødrene vil få i gang turtilbod for born og unge i området rundt Lavik og Vadheim. Aktiviteten vil starte opp 28. mars med vinterleik og karneval. Laget vil også ha tur i fjøra i juni og vere med på den nasjonale Kom deg ut- dagen fyrste helga i september. Dei vil også prøve med meir spontane turar i nærområdet, som blir gjort kjent på Facebook .

Knut Strømmen, styreleiar i Balestrand og Høyanger Turlag (BHT), var også til stades og støtta opp om det nystarta laget, som er heimehøyrande i BHT sitt lokallag. Strømmen helsar velkomen nytt turtilbod for born i Lavik. Lokallaget har også aktivt Barnas Turlag på Kyrkjebø.

Espen Bruun og Astrid Kalstveit frå fylkesforeininga leia møtet og gjekk gjennom praktisk informasjon for det nystarta laget. Turboreven var ei naturleg gåve frå Sogn og Fjordane Turlag (SFT), og han skal alltid vere med på turane. SFT ser med glede fram til ny turglede ved Sognefjorden i fylket sitt 28 ande Barnas Turlag. 

Skrevet av Astrid Kalstveit 24. februar 2016