Kurs- og Fjellsport, Sogn og Fjordane Turlag, arrangerte Toppturkurs-alpint fredag 5. og laurdag 6. februar. Kurset var i samarbeid med Jølster skisenter, der kurset blei arrangert og instruktør var Even Hole og ass. Reidun Bergheim.17 deltakarar fekk informasjon om dugande utstyr du treng og fekk lure triks av Even. Deretter var det ut og trene på bakkekøyring og trening på ...
2015- året ute i friluft og på tur!Friluftslivets år er på hell. I Sogn og Fjordane har mange nytta høve til verte enno betre kjende med sine nære turområde, klive til kjende fjell eller funne ein høveleg teltstad og utforska det enkle turlivet. Veksande medlemstal og god turdeltaking syner at turlaget og lokallaga sitt tilbod inspirerer mange til å finne ...
I haust er prosjektleiar i Sogn og Fjordane Turlag, Espen Bruun, i gong med eit større skuleprosjekt i fylket. Konseptet heiter Djeeo (sjå faktaboks for meir info) og er nå i fyrste omgang eit tilbod til 9. klassingar rundt om i fylket. I løpet av hausten er det ca 20 skular som får besøk, men frå våren 2016 blir dette ...
Kurset startet fredag kl 18.00 i hytte nr 9 i Stardalen hyttegrend med 11 deltakere. Noe av det som ble gjennomgått var organisasjonen DNT, medlemsforeningens aktivitet, medlemstall og rekruttering, DNT’s utdanningsstige, bruk av turlagshytter, Friluftsloven og Allemannsretten. Vi startet også på grunnleggende turlederkurs. Turlederrollen ble belyst og diskutert. Noen startet med planlegging av neste dags tur. Kvelden ble avsluttet med ...
Kom deg ut dagen hadde 23 arrangement i vårt fylke og 1550 personar tok del på dei svært varierte turane. 900 av desse var born og ungdom. Vêret var med arrangørane og laga ei roleg og god ramme om aktivitetane. For alle dei som "kom seg ut" fekk oppleve svært ulike friluftsaktivitetar og bileta under syner mangfaldet.
Nå lanserer vi eige familiemedlemskap! Det betyr ein pris og ein faktura – for heile familien. Vi feirar lanseringa med eit supertilbod til deg som ønskjer å bli familiemedlem i DNT. Heile 6. september og 7. september (fram til midnatt) kan du melde inn familien din i DNT og få 2016 og resten av 2015 med på kjøpet.
Solund er aldri keisamt, korkje i kuling og regn eller sol og stille. Den årlege kajakkhelga til turlaget sist i august byr på oftast anten eller. Sildrande elvar, store og små kastar seg utover bratte knausar. Vi finn fram til Sandvik i Nord- Sula i det kveldssola fargelegg Alden. Fantastisk plass!
Høg himmel, varm augustsol og utsikt til den venaste sommardagen i 2015. Tyinvatnet speglar Uranostinden når Sogndal Turlag markerer Fjellsporten sin dag 23. august med tindklyv på Falketind.
22.- 23. august hadde DNT Ung Indre Sunnfjord, DNT Ung Sogndal og DNT Ung Luster fellestur frå Sognefjellshytta og ned til Skogadalsbøen. Totalt var vi 16 deltakarar inkludert turleiarar som var med på turen.
For fyste gong har DNT Ung Sogn og Fjordane arrangert BaseCamp Kyst, og sjølvsagt valde vi å leggje den ut til Værlandet og Bulandet. Frå før av arrangerer vi BaseCamp på Fivlehyttene og Tungestølen, men endeleg har ungdomane fått ein BaseCamp Kyst. På Værlandet og Bulandet har vi hatt fullt fokus på det kystbaserte friluftslivet. Vi var så heldige å ...
Sognefjellshytta-Skogadalsben-Vetti, 22.-23. augustUng Sogndal, Ung Indre Sunnfjunnfjord og Ung Luster inviterer til overnattingstur i samarbeid med DNT ung Sogn og Fjordane, med start frå Sognefjellshytta og ned Vetle-Utladalen til Skogadalsbøen. Her vert det god mat, kjekk samling på DNT-hytta laurdag kveld.
Den Norske Turistforening (DNT) har ny medlemsrekord i sommar og har passert 260.000 medlemmer. Sogn og Fjordane Turlag , som er ei av dei 57 foreiningane i DNT, kan også vise til god medlemsrekord og har 400 fleire medlemer i år enn same tid førre året. Fylkesforeininga med sine 14 lokallag kan såleis gle seg over ein auke på 6,9 ...
I år som i fjor arrangerte DNT Ung Sogn og Fjordane BaseCamp for dei mellom 13-16 år på Tungestølen. Etter den snørike vinteren i år var det spenning knyttet til om vi fekk gjennomført leiren inne på Tungestølen eller ikkje. Underteknede tok turen opp fredag 19. juni for å begynne rigging, men då var det ikkje veg heilt inn. Med ...
I dag kan du sjå dei nye nettsidene til Sogn og Fjordane Turlag (SFT). Vonar du finn informasjonen du søkjer, og at det er enkelt og navigere rundt på undersidene. Meld frå til SFT om du stussar på noko eller ikkje finn det du søkjer ved fyrste augesyn.
Måndag 22. juni er det nøyaktig ti år sidan den første OPPTUR-boka såg dagens lys. Sidan då er det komme ut åtte titlar i serien Bøkene omtalar langt over tusen fotturar, alle med flyfoto, fordelt på over 3500 boksider. Bøkene dekkjer det meste på Vestlandet, men også Jotunheimen og Oslo-området. Samla er det selt over 70 000 OPPTUR-bøker.
Søndag 31. mai vart stien frå Otterstein til Fossevikja formelt opna ved snorklipping av 90 år gamle Borghild Otterstein. Ho flytta hit til den einaste busetnaden på Otterstein i 1945. Ein flott augneblink.Men først ynskte Sigvard Skaar velkomen. For deretter å overrekke Rolf Kleiven eit fat i lønn, snekra på ungdomsskulen av ein skuleelev frå ei lønn som ein hadde ...
Keipen Turlag hadde tur til Gjegnen 1670 moh. søndag 10. mai. Det var fyste gong turlaget arrangerte tur hit. På turen var vi innom dei fire årstidene frå skodde, sol, snø og til -6 grader og ein friske kuling på toppen. Turen over Gjegnalundsbreen gjekk vi i taulag, og frå breen og opp til toppen var det til dels skiftande ...