Sogn og Fjordane Turlag søkjer ny organisasjonssekretær.

Foto: Elisabeth Dahle

Sogn og Fjordane Turlag (SFT) er ei medlemsforeining i DNT og har 14 lokallag geografisk knytt til alle kommunar i Sogn og Fjordane. Totalt har vi over 8000 medlemmar og er den største frivillige organisasjonen innan friluftsliv.

Sogn og Fjordane Turlag skal arbeide for gode felles løysningar for lokallaga, jamfør vedteken strategiplan, og vere lokallaga sitt talerøyr overfor fylkeskommunale myndigheiter, nemnder og utval. SFT skal styrke kontakt mellom medlemsforeiningane og støtte lokallaga i deira arbeid.

Arbeidsoppgåver 

  • Administrativ støtte for lokallaga
  • Styrke og utvikle kommunikasjon og samarbeid mellom lokallaga
  • Koordinere prosjekt
  • Følge opp Sogn og Fjordane Turlag sine mål og strategiar
  • Koordinere, produsere  og dele felles informasjon
  • Dagleg leiing med ansvar for økonomi og drift
  • Sekretær for styret

Kvalifikasjonar 

  • Høgare utdanning eller anna relevant erfaring
  • Person med lyst, vilje og evne til å bidra til ei positiv utvikling av Sogn og Fjordane Turlag
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Forståing for organisasjon og prosjektleiing
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Ryddig og ordentleg, med god mellommenneskeleg forståing 
  • Generell kunnskap om friluftsliv
  • Personlege eigenskapar vert lagt vekt på

Vi tilbyr 

  • Sogn og Fjordane Turlag tilbyr ein variert og spennande jobb i 100% stilling
  • Løn etter avtale

Andre opplysningar 

  • Noko reiseverksemd må reknast med
  • Arbeidstid er fleksibel med nokre kvelds- og helgemøter
  • SFT har pr. i dag kontor ved Langebruvegen, 6800 Førde

Søknad med CV sendast innan 15. januar 2021 til styreleiar.sftur@dnt.no

Kontaktinfo: Styreleiar SFT Siv Merete Stadheim, tlf. 900 24 795


Skrevet av Marie Sørum 10. desember 2020